Veøya middelaldertur

Fra NOK 550

+2 Tilleggsmuligheter

I sommar køyrer vi middelalderturar med båt frå Molde og med omvisning på Veøya - blir du med?
Tilgjengeleg 20.06.-15.08.2021. Turane går kvar torsdag og søndag. 
Omvisninga er på norsk.

Veøya har ei sentral plassering midt i Romsdalsfjorden, med gode naturhamner og med ei rik historie. Veøya betyr «den heilage øya» og her finn vi både spor etter førkristen kult, dei eldste påviste kristne gravene i landet frå 900-talet, ei mellomalderkyrkje i stein frå 1100-talet, ein prestegard frå 1752 og eit vakkert kulturlandskap. Veøya er ein av nøkkelstadane i Kystpilegrimsleia. Les meir her: www.pilegrimsleden.no
 

PROGRAM VEØYA

Kl 10.15 – Oppmøte ved båten seinast 15 minutt før avgang for registrering og informasjon. Båten ligg ytterst på moloen på Reknes småbåthamn, ved Løkta/Molde Fjordstuer
Kl 10.30 – Avreise med båt
Kl 11.50 – Ankomst Veøya
  • Guida vandring i variert terreng, ca. 50 minutt
  • Pause for medbrakt formiddagsmat, eller du kan bestille lunsjpakke frå Fole Godt ved påmelding. Ta med eiga drikke.
  • Besøk i kyrkja. Dei som ønskar kan få stempel i pilegrimspasset. Pilegrimspass kostar kr 50,-. Betaling med Vipps på Veøya eller bestill som tilleggsprodukt ved påmelding.
  • Desse torsdagane blir det mulig å delta på ei kort tidebøn: 1.juli, 8. juli, 22. juli, 29. juli (Olsok), 5. august
  • Informasjon om prestegarden. Kort besøk i prestegarden.
  • Tid til fri disposisjon - rusle til båten

Kl 15.15 – Avreise Veøya

Kl 16.35 - Ankomst Reknes kai, Molde

Vi minner om klede etter vêret og godt fotty. Vi anbefaler sitteunderlag.
Det er dessverre ikkje høve til å ta med seg barnevogn.

Foto: Romsdalsmuseet og Mareno Kennet Nakken

Tilleggsinformasjon

Dato
20.06.2021
Til dato
15.08.2021

Fra NOK 550

+2 Tilleggsmuligheter

Bestill nå!
  • Avreise med båt frå Reknes kai i Molde, ved Løkta/Molde Fjordstuer. Båtturen tek 1,5 time.
    NB! Det er mogleg å bli med båten frå Vestnes. Kontakt oss med ønske om dato, så skal vi avklare med båtselskapet. Avreise frå Vestnes vil bli tidlegare og du kjem seinare tilbake.
  • Ankomst Veøya
  • Retur til Reknes kai i Molde

Høydepunkt

  • Middelalderkyrkja frå 1100-talet
  • God formidling av middelalderhistorie og kultur
  • Prestegardshistorie
  • Flott natur

Reiserute

  1. Julsundvegen 6, Molde
  2. Veøya