Opplev Veøya

Ab NOK 550

+2 Zusätzliche Optionen

I sommar køyrer vi turar med omvisning på Veøya - blir du med?

Veøya har ei sentral plassering midt i Romsdalsfjorden, med gode naturhamner og med ei rik historie. Veøya betyr «den heilage øya» og her finn vi både spor etter førkristen kult, dei eldste påviste kristne gravene i landet frå 900-talet, ei mellomalderkyrkje i stein frå 1100-talet, ein prestegard frå 1750 og eit vakkert kulturlandskap. Veøya er ein av nøkkelstadane i Kystpilegrimsleia. Les meir her: www.pilegrimsleden.no
 

PROGRAM VEØYA

Kl 10.30 – Avreise med båt frå Reknes kai (ved Løkta/Molde Fjordstuer). Oppmøte i god tid!
Kl 12.00 – Framme på Veøya
  • Guida vandring i variert terreng, varer 70-90 minutt
  • Pause for medbrakt formiddagsmat, eller du kan bestille lunsjpakke frå Fole Godt ved påmelding. Ta med eiga drikke.
  • Besøk i kyrkja. dei som ønskar kan få stempel i pilegrimspasset. Vil du kjøpe pass har vi med, og det kostar kr 50,-. Betaling med Vipps eller bestill som tilleggsprodukt ved påmelding.
  • Desse torsdagane blir det mulig å delta på ei kort tidebøn: 24.juni, 8. juli, 22. juli, 29. juli (Olsok), 5. august
  • Informasjon om prestegarden. Kort besøk i prestegarden.
  • Tid til fri disposisjon - rusle til båten

Kl 16.00 – Avreise Veøya

Kl 17.30 - Ankomst Reknes kai

Vi minner om klede etter vêret og godt fotty. Vi anbefaler sitteunderlag.
Det er dessverre ikkje høve til å ta med seg barnevogn.

Foto: Romsdalsmuseet og Mareno Kennet Nakken

Weitere Informationen

Dato
20.06.2021
Til dato
15.08.2021

Ab NOK 550

+2 Zusätzliche Optionen

Jetzt buchen!
  • Avreise med båt frå Reknes kai i Molde, ved Løkta/Molde Fjordstuer. Båtturen tek 1,5 time.
  • Ankomst Veøya
  • Retur til Reknes kai i Molde

Höhepunkte

  • Middelalderkyrkja frå 1100-talet
  • God formidling av middelalderhistorie og kultur
  • Prestegardshistorie
  • Flott natur

Route

  1. Julsundvegen 6, Molde
  2. Veøya